ENDELEG , 11. februar kom vår kjære eminente tangoinstruktør Mariano Garcés attende til klubben vår.

Har er ein inspirator av dimensjonar, og med glimt i auga har han evner til å forenkle og gjera tangoen meire leiken.


Denne gongen jobba vi med å lytte til kvarandre, og vera tilstade i kvart eit steg vi tok. Puste med nasen, og ha nærvær til dansepartner og musikken. Dette er viktig, grunnleggjande tangoteknikk.
Han gav oss også teknikk i form av dansefigurar. Her lærte vi barridas… fram og attende, og som enda i ein ganchos rundt låret på føraren. Kjempemoro!

Han kjem snart att, så det er berre å glede seg!
1. og 11. mars kjem han igjen og gjev av sin kunnskap og tangoentusiasme! Dette er jo i blodårene på Mariano, og vi er privilegerte av å få ein bit av hans giverglede.

Velkommen attende mr. Mariano Garcés