Endeleg: kurs med Camilla Fjeldhaug og Henrik Uldall frå Moss

Mandag, 19.november

Camilla og Henrik utfordra oss på grunnleggjande gåteknikk, Close Embrace, «å skyve» golvet, pust, kontakt og kjenne musikken i kroppen. Eit par lekre detaljar fekk vi òg servert. Snurr!

For ein iver, for ei stemning! Litt over 30 lidenskapelege tangodansarar bevega seg rundt i rommet. Lause bein, strak rygg og hjartedunk.
Dei gav oss inspirasjon og påfyll på alle plan, og båe evna å sjå kvar enkelt. Eit unikt par pedagogar, og vidunderlege tangodansarar. Vips så var tida over, og vi fekk vår siste halvtime med Práctica og vår faste avrunding av mandagskvelden: La Cumparsita!

Takk til Camilla og Henrik! Kom snart att! Takk til alle som møter opp på Solvang og set an tonen for ei fantastisk veke (-: