Vår første TANGO 12

TANGO 12

… ei fantastisk oppleving og eit arrangement vi vonar blir tradisjon!

Jubileumsmilonga frå 12-24 14. april 2018 i Larvik.

  • I forbindelse med jubileumsåret for Grenland tangoklubb (20år) og Tønsberg Tangoklubb(5år)
  • Ein komité vart danna frå båe klubbane for og planleggja /delegere oppgåver:

Åse Berit Johansen
Ole Bjørn Halle
Tone Strand
Marianne Johanssen

DSC_0765

  • Matgruppe: dei eminente kokkane Espen og Per frå Grenland tangoklubb trylla fram vidunderleg middag!

DSC_0751.jpg

  • Kjøkkenansvarlig: Åse Berit
  • Kasserar/regnskap: Connie
  • Sjauergjeng: Pablo, Marianne I., Ole Bjørn, Øyvind, Tone frå Tango Tønsberg og Claudio frå Grenland.
  • Pyntegruppe: Marianne J. og Inger Johanne
  • Folk stilte opp med himmelske kaker, herleg entusiasme og dugnadsånd frå ei anna verd!
  • Vi leigde «Musikkhuset» i Østre Halsen/ Larvik, som fungerte formidabelt til ein Milonga…!
  • Tilsaman 60 påmeldte! Det kom dansarar frå Oslo, Moss, Fredrikstad, Lillehammer, Strømstad, Arendal og Kristiansand tangoklubb, og elles var lokala fylt med klubbane sine eiga medlemmar.
  • Alle var strålande tilfredse med arrangementet på alle vis, og vart imponerte over innsatsen som låg bak for å få dette til.
  • I løpet av dagen var det salg av klær og sko. Marianne Fries frå Kristiansand og Arendal tangoklubb stilte med klær; MJ design, firma heter «Mariannes systue». «Dansesko Norge», kom med eit rikt utvalg av tangosko:-D
  • Instruktørar under «Milonga»-kursa: Mette Bjørn og Christian Larsen fra Aalborg.
  • DJ: Peter Goddard, Tone Strand.

Etter kursa, gjekk det over til Milonga-antrekk… og inn i herretoalettet skjedde det ei forvandling; inn gjekk menn… og herrar kom ut:-D

  • Det var sjølvsagt mat under vår 12-timers Milonga:

Herleg lunsj: Brød med påleggsbord …og før Milonga, ein deilig middag: Chili con Carne/ Chili sin Carne og kyllingsuppe

  • Under middagen heldt leiarane av Tango Tønsberg og Grenland, Øyvind Eggen og Åse Berit Johnsen tale med bakgrunnen for jubileet.

DSC_0445

  • Dugnadsånda var stor under oppryddinga etter lange herlege timar på Milongagolvet. Vrihasselgreinar gjekk unna som «varmt hvetebrød», og i løpet av ein liten time var salen attende i sin opprinnelege form.
  • Takk til alle som ga av seg sjølv på alle vis! Dette var moro!